onsdag 29. september 2010

Hekleprosjektet er i gang ;)



Har hatt besøk av mi kjære tante B, vi koste oss med herlig lunch, byssing av vesla, og ikkje minst HEKLING ! Har laga små dokkepledd sett saman av bestemorsruter, saman med mamma og søster mi, for mange år sidan, men ikkje halde kunnskapen vedlike.. Eit av ønskene mine no i permisjonstida har vore å oppdatere seg på hekling, og det kjennes veldig bra ut at no er eg i gong! Det vart mykje repitering og spørsmål om ulike masker; "Korleis laga eg no eigentleg ei luftmaske, stav, fastmaske igjen?" frå meg, men TanteB forklarte og viste stor tolmodighet med meg!





Bilde lånt fra Carinas craftblog :)


Det går ikkje fort med meg, men i kveld klarte eg faktisk å sjå at eg hadde gjort feil i eine omgangen, tok opp att og fekk ruta rett til slutt-og det er jo ikkje lite berre det! Fekk eit innfall i kveld, og søkte på hekling på YouTube.com, og jammen hadde dei ikkje filmar av korleis hekle ei rute mm, veldig kjekt å ha til repitering, når ein ikkje nett har nokon å spørre der og då!



Daisy granny squares by Molly Severtson på Flickr.com..


Kanskje eg om ei stund kan klare noko slikt som dette over, frå Mollys ?

Du kan klikke på linken her: Hekleskolen viss DU har lyst til å lære meir :)





søndag 26. september 2010

Haustfargar:



Vi nyt fantastisk fine haustdagar på vestlandet denne helga, og tenk; Det skal visst vare heile veka :)
Eg har lappa dekk på den gode gamle barnevogna, so no har vi vore på trilletur i sola, og vesla søv so godt at mor kan få tid til litt anna; Les rydde hus, ta ein kopp kaffi, bla i avisa og blogge..




Mannbrann har fått ein god kompis på besøk og dei held på med siste bit av "Det store terrasseprosjektet".. Det var tenkt som eit lite sommarprosjekt, i tillegg til maling av soverom og nye gelender til trappa inne, men det vart eit mykje større prosjekt enn vi trudde.. Støyping av fundament, herding, regnvåte plank, you name it, det meste har tatt tid..Vi brukte to veker ekstra av sommarferien på det, og drog rett og slett på ferie utan at det vart ferdig, fordi hverken ungane eller vi hadde tolmodighet til å vente lenger med å komme på reis. Gelender på trappa inne er utsatt til i vinter. Men soverommet vart no malt, med god hjelp av yngste bror min :) Han hadde aldri malt noko før, og eg trur kanskje at eg har avskrekka han frå å mala panel for temmelig lang tid..
Derfor har mannbrann måtta ta terrasseprosjektet igjen no på hausten, om dagane etter jobb, og det er jo ikkje alltid like motiverande.. Øspøsregn i fleire veker, mygg, meg høggravid og no fødsel & barseltid har heller ikkje bidratt til at prosjektet har gått noko særligt på fram.. Difor bit eg berre i meg at det er søndag, kviledag og dagen for tur i skog &mark med familien. Eg og ungane kosar oss her heime med diverse små prosjekt som å lese, tegne og male, og dei held på med leik kring huset, medan terrassen veks :) Heldigvis ligg vi slik til at vi ikkje sjenerer naboane i helgefreden...





Eg tek husmorrolla på alvor, og passer på at arbeidsfolka får iste og forfriskningar. Eit godt tips eg har funne inne hjå Martha er rett & slett å fryse frukt i bitar, frukt-isbitane er godt til is, aleine eller i fruktdrikk..
Eg har og fått rydda litt i dei stakkars blomebeda mine, som ikkje har fått mykje stell no når eg har vore dårlig.. Fint med slike dagar!

onsdag 22. september 2010

Overvintre pelargonia-Tips?!


Hadde ikkje heilt hellet med meg i fjor, då eg lot palargoniane flytte ned i kjelleren for vinteren. Veit ikkje heilt kva som gjekk gale, men eg trur det vart for mørkt og fuktig på vaskerommet vårt? Alt visna iallefall...No ser eg at fleire av pelargoniane som har pryda uteromma våre i sommar visnar, og vert gule i blada, sjølv om nokre av dei er full av knoppar og nok vil glede oss ei stund til :)


Kan dei stå ute heilt til frosten kjem?

Hadde alt flytta dei til ein skjerma, solfylt del av hagen, men no har det regna fleire veker i strekk her i Bergen. I dag har eg flytta dei inn under taket på eine terrassen, slik at dei ikkje skal verta for våte. Stemmer det at dei vert gule av for mykje regn?




Veit at tanteB har hatt god erfaring med å la pelargoniane sine overvintre på eit kjøligt soverom, so kanskje det er verdt eit forsøk?! Einaste minus er at alle soveromma våre er i dagleg bruk, og det luktar jo ganske sterkt av pelargonium..

Bør dei klippast ned først? Eller klipper eg berre det som visnar, etterkvart?



Sparsom vatning, eller kan dei dø av tørst då?



Glad for tips, om nokon har gode erfaringar :)

lørdag 11. september 2010

Nydelege strikkaplagg til baby!

Eg puslar litt med tanken på å sy små søte barneplagg på den nye (men gamle) symaskina mi...Satsar på å få det til no i permisjonstida :) Hekling har eg og planar om å ta opp att .. Riktignok ikkje i lappeteppe-størrelse,eg innser mine begrensningar på handarbeidfeltet, men kanskje nokre retroinspirerte gryteklutar eller eit lite koseteppe til babyvogna..



Denne nydelege hentedrakta, frå tanteB si hand, hadde vesla på seg då vi drog heim frå klinikken torsdag kveld..

-Gjett om eg var takknemlig for at ultralyden vist rett kjønn! Ellers hadde guten fint måtte gått i denne, tjihi.. Neida, flotte drakter i babyblått har eg teke godt vare på etter Storebror..


Men når det gjeld strikking har eg det store privilegium å vera omgitt av familie &vener som bidrar med det eine vakre plagget etter det andre, særlig må her nevnast kjære tanteB som strikkar til alle barna i den etterkvart temmelig talrike storfamilien vår!! Hjarteleg takk!


Denne skjønne kjolen har vesla fått frå nabo JorunB






Frå mormor&morfar har vi fått dette flotte teppet frå Oleana, det ligg ho på på sofaen i stova og etterkvart vert det kose&krypeteppe for vesla.

fredag 10. september 2010

Ny baby & haustsol i Bergen!


Endelig er ventetida over! Stolt Storesøster og Storebror henta heim mamma & veslesyster frå Haukeland sykehus i går kveld..Då vi kom heim med vesla, fyllte denne vakre lilla klematisen hagen,som i dag ligg bada i varmande haustsol!
Vesle prinsessa vår!
Vaken & klar :)

Mykje energi må til når ein har ei som skal die døgnet rundt :)

No gler heile familien seg over at eg vert friskare for kvar dag som går !
Gode haustdagar ynskjer vi deg!