torsdag 20. mai 2010

Jentetur til Oslo-noen tips?

Står og pakkar i kofferten, gler meg til nokre dagar med venner i Oslo-barnefri og langhelg :) Heilt sikkert mykje kjekt å få med seg! Eg har jo ein sokalla "personlig stil", med ting og tang eg likar, og som gjerne har ei historie før dei kom hit til oss.. Loppemarked- kunstnerutsal- bruktbutikkar-ja i det heile interiørbutikkar med "sjel" er av interesse. Stader med god kaffe og herlige kaker er heller ikkje å forakte!




Bildet lånt fra "Tante Guri"på Kampen

Har søkt litt på nettet og fått nokre tips, men hadde vore kjekt med råd fra erfarne Oslo-kjennere :)

søndag 16. mai 2010

Kjenner du planten?

Ps.Bildene tekne av HSkartveit, medhjelpar i hagen i går..
Vi fann ein vakker skapning under rydding i hagen i går, den er mørk lilla på farge og har kun ei stor klokke og taggete blad.


Har aldri sett den før, kan kanskje ha spredd seg frå ein nabo? Har søkt på nett, og den kan minne om Kubjelle, men den planten skal visstnok vere sjeldan og kun holde til i ytre Oslofjord.. Eit stykke unna Austefjorden i Fana ved Bergen, med andre ord :)
Kan og vera planta av tidlegare eigar? Men har altså ikkje lagt merke til den her i hagen før..Finnes det ein "hageplante" som lignar den ville? Synst vel den fortener ein bedre plass her i hagen enn på steingrunn, med selskap av Løvetann... Men det er kanskje ikkje so lurt å flytta på henne? Set pris på svar!

lørdag 15. mai 2010

Sommar?


Mange søte bukettar små til mor.
Den flotte tigerstripa tulipanensorten har opna seg og viser seg fram i all si prakt :) (ps.Biletet er frå i fjor på same tid)

Det er her i skogområdet nest bakerst i biletet det brenn..

Ikkje sommar enno, men med 12 grader i skyggen og 18 grader i sola, skyfri himmel og FRI, kjennes det nesten som om sommaren er her.. Vi puslar på med små prosjekt i hagen, spise is og drikk kaffi innimellom. -Freden her på Krokeide vert berre forstyrra av sirener frå brannbilar og båtar som held på å sløkke skogbrann på andre sida av vågen, nær eit hytteområda. Siste nytt på Bt.no er at dei klarer å redde hyttene, heldigvis! Vi er glade for at vi har eit lite hav mellom oss og flammane..
God helg i hus og hage! (-Hugs brenn bråte med måte!)

fredag 7. mai 2010

Uteplassen vår!


Har ikkje heilt vore varmt nok til å sitte noko særlig ute enno, anna enn med kaffikopp og pledd. Men denne helga kjem varmen, ifølge værmeldinga for vestlandet! Vi har handla inn til grilling og gler oss til å vera mykje ute. Hiv meg på med eit innlegg frå eine uteplassen vår. Har kost meg med å plante ut litt sommerblomster, og i natt stod dei ute i 5 grader. Det ser det ut til at dei har tolt heilt fint!







Nydelege lavendel frå Hageland på Os.


Pelargonia frå Stend Jordbrukskule sitt planteutsal-Kan anbefalast både på kvalitet og pris!



Ønske deg ei god helg !

onsdag 5. mai 2010

Endelig -det gror i hagen :)



Det gror i hagen -blå klokkeblomst kjem trufast opp att der eg sådde i fjor,i krukker, og nokre andre stader der dei må ha spredd seg sjølve :)
Denne rosa veit eg at eg sette ned løk til i fjor haust, men hugsar ikkje navnet på den.. Nokon som kjenner den igjen?




Pelargoniaprosjektet mitt i haust (med å ta stiklingar av pelargonia) gjekk ikkje so bra- for å sei det mildt. Skulle nok heller berre hatt dei i stoveglaset... Går ut frå at vaskerommet vart for kaldt og fuktigt.. So difor har eg vore på Stend jordbrukskule igjen og fått nye planter av denne nyydelege rosavarianten; "Dronning Ingrid"(dansk utg) Karoline Bjørnson (norsk utgave) og Mårbacka (svenske utg).




Foreløpig bere eg dei inn i huset om natta og ut på verandaen om dagen, slik at ikkje nattefrosten skal ta dei. Ser at nokre av bladene er blitt blasse på farge, går ut frå at det har med temperatursvingingane å gjere? Kjenner at eg gler meg veldig til sommar no, men herligt med solfyllte vårdagar!


mandag 3. mai 2010

Koppasettet til lillebror


Synst at Lillebror sitt nye koppasett-i flotte fargar, er so fint! Det er kjøpt på Ringo lekebutikk til 149,-