lørdag 29. november 2008

Og her er han..Drømmeprinsen :)

Det er noko kjennt med dei augene og det vakre smilet... -Kansje eg har møtt han i eit tidlegare liv?!






Men er det ikkje...?









Jovisst er det han!







Libuse Safrankova (Askepott) og Pavel Travnicek (prinsen)




Drømmeprinsen :) Tjihihi-han må jo faktisk vere ein del år eldre enn far min, tenkjer eg..... Blitt litt eldre enn vi husker han ja, men fortsatt temmelig kjekk då!!

God lørdag &søndag frå IngridMarie:)



fredag 28. november 2008

Kven er dette tru?! Dreg du kjennsel på..


denne dama? Kjenner du henne igjen? Ho heiter Libuše Šafránková (født 7. juni 1953 i Brno, Tsjekkoslovakia) og er ei tsjekkisk skuespillerinne.
Ho gjekk på konservatoriet i Brno fram til
1971.

Her er ho enda yngre enn vi kjenner henne....men enda "ingen prinsesse"....


Her er ho blitt noko eldre, men,om mulig, enda vakrere ,spør du meg!!

Har så romantiske forestillinger om henne at eg kjenner eg blir helt rørt berre ved å skrive om henne.. No har du nok forstått kven ho er...... Ho har absolutt ingenting å gjere med interiør, likevel vil eg våge å påstå at ho har spelt ei viktig rolle i julefeiringa for mange av oss, og ho er iallefall med på å gjere jula komplett for tusenvis av oss... Hjelper ikkje med allverdas julepynt og koselige raude og kvite interiørtips-utan henne! -Det er ho som "gjer" jula for meg :)



Libuse Safrankova (Askepott) og Pavel Travnicek (prinsen)
Ja, det stemmer!! Askepott! Ho fekk sitt internasjonale gjennombrudd kun 20 år gammel med hovedrolla i filmen Tre nøtter til Askepott i 1973. ...Tenk, ein gammal film frå det året eg vart fødd, sendt første gong på NRK i 1975, med fortellerstemma til Knut Risan som leier oss gjennom detaljane i forteljinga, visstnok fordi dei i NRK fekk filmen so seint at dei ikkje rakk å dubbe den.... Hehehe..Skal tru om den hadde slått like godt an i dag? Ja sei det..Trur iallefall at dette eventyret gir oss håp og tru på at det gode i verden vinn til slutt, at drømmeprinsen finnes der ute ein stad,og viss du som meg har funne prinsen din kan du jo drømme deg litt tilbake til den tida ein var nyforelska!!Synst at denne askepott e so tøff, ho skyt med pil og bue bedre enn dei fleste, rir som ei gudinne og har eit stort hjarte for svoltne kattar og uheldige tjenerdrenger.
Utdrag fra NRK sine nettsider;
"Tre nøtter til Askepott" er hvert år barnas (Ehh-barnas? ....)store ønskereprise på julaften. Den bøhmiske versjonen av eventyret om Askepott er skrevet av den østerriksfødte Bozena Nemcova, og er helt annerledes enn den vesteuropeiske historien.Her er Askepott en uavhengig, aktiv og glad jente som rir og skyter med pil og bue, inntil faren dør. Da begynner det å skje ting som gjør livet vanskelig for henne. Men en dag dukker prinsen opp...I denne tysk-tsjekkoslovakiske filmen fra det berømte DEFA-studio für Spielfilme fra 1973 har Libuse Safrankova rollen som Askepott, mens Pavel Travnicek spiller prinsen. Regien er ved Vaclav Vorlicek.Populær film.Det er 18. gang den tsjekkiske filmen blir sendt på NRK. Første gang "Tre nøtter til Askepott" ble sendt var i 1975. Det betyr at det har vært år da filmen ikke gikk, og NRK fikk både brev og telefon av skuffede barn - og voksne. Tysk-tsjekkoslovakisk spillefilm fra 1973Originaltittel: Tri orisky pro Popelku/Drei Haselnüsse für Aschenbrödel.......
Jada, EG VEIT DEN FINNES PÅ DVD, MEN DET ER JO HEILT SPESIELT Å SJÅ DEN PÅ JULAFTANS FORMIDDAG, MEDAN GRAUTEN STÅR PÅ KOK, PINNEKJØTET TIL UTVATNING, OG HUSET ER KLART FOR JULEFEIRING... Kansje fireåringen min er blitt so stor at ho vil sitte å sjå med mamma denne jula? Eg håpar!! Er nemlig litt vanskelig å få fram den heilt store begeistringen hjå mannbrann..
Kun 27 dagar igjen:)
Med ynskje om ein god & romantisk fredag frå meg!

torsdag 27. november 2008

Kalendere i fleng :)

Har sjuke barn heime i dag, og midt i all laging av saft, skifting av bleier, trøsting, megling, boklesing, matlaging, rydding, være med å pusle-ing,og sette på dvdar-ing, lurer eg meg til å lukke øyrene for mas på mammaaaa, og tek ei økt innom her på bloggen.. Koser meg med ungane altso, men det går i eitt..


Er ikkje so begeistra for alt dette kjøpepresset eigentleg, so eg har ikkje starta med slike kalenderar der mor spring heile desember for å finne noko som skal vere lærerikt, underhaldande,utvikle estetisk sans og helst koste under ein tiar,dagleg i 24 dagar. Hehe.. IKKJE LETT DET DER!
So er jo ungane våre so små enda, at dei ikkje heilt får med seg kva det går i, men eldstejenta fortel om MANGE i barnehagen som skal ha gave-kalender. (Trur det kan begrense seg til dei to andre jentene på hennar avdeling, som ho ser svært opp til altså..) Ikkje at er eg so begeistra for sukker heller, men det gjer eg eit unntak for no i desember, og begge ungane får ein liten sjokoladebit i kalenderen dagleg..

Her er det tilgong, og reklamen som rår-eller kansje det faktum at eg høyrer om Barbie og Lynet McQueen kvar einaste dag, både i jobb og i privat setting :)



Men aller mest glad er eg i kalenderar som berre er vakre, gjerne med eit dikt eller fint bilde inni, som då vi var små :) Og det har eg funne! Alle bilda her er av denne. Ja, eigentleg fann eg denne alt i fjor, men klarte ikkje å opne lukene, for framsida var so vakker:)



Fleire glimt frå kalenderen..

Lurer på om eg klarer å opne den i år...


Her ser de kven som har rettighetene til denne kalenderen, den heiter "Jul på slottet"og er designa av Barbara Behr.



Dette er ein trekalender eg kjøpte på halv pris på Åhlens i januar for nokre år sidan, den har ganske små luker, men er super til å putte små hyggelige lappar med dikt eller ros oppi. Den får illustrere både seg sjølv og pepperkakehuset som snart skal settast i hop og pyntast med mørk type Nonstop og melis.mmmm .Gler meg like mykje som ungane..


Elevane mine skal ha "Frå hjartet"-kalender på skulen. Eg har klypt ut raude hjarter og limt på teksten ; "I dag har eg gjort............ glad, ved å ................" Vi trekk kven som skal få eit hjarte med heim til neste dag, og so heng vi dei opp slik at vinduet er fullt ved starten av juleferien :) Det høyres kansje kjedelig ut for nokon, men barna er so stolte når dei les eller fortel kven dei har gleda! Sukk. Blir like rørt kvar dag eg, heile advent gjennom!


Ha ei flott adventstid- uansett kva kalender du går for :)

onsdag 26. november 2008

Mange hjarter til ei sterk dame; Molly!



Tusen hjerter for tusen håp!! Varme tanker til Molly,din kjære mann og dine flotte barn!! Ikkje la deg stoppe! Helsing i natta frå meg.

mandag 24. november 2008

Glimt frå "Kontoret"eller mannbrands gutterom:)

Oppussinga tek si tid. Vi har vel igrunn sett det meste på hold for vinteren, ikkje so greit med hverken malingslukt eller gasser når vi må holda oss mykje innomhus, og dagane strekk ikkje til med to fulle jobbar og to herlige aktive små barn. Viser derfor litt bilder av det vi fekk gjort i sommar og tidlig i haust:
Vi koser oss begge i det nylig oppussa kontoret i første etage, vi har malt veggene i "Ida", ein varm kvit farge som eg synst går mot rosabrune toner. Taket er malt so og sei kvitt, Nord heiter fargen. Herligt med eit rom der du kan lukke døra og ta ei rolig økt ved pcen, vi har sett inn ein retro sofa som kan bli dobbel sovesofa, VOILA; Kontoret blir til Gjesterommet :)
Gave fra meg til mannbrand. . Må jo ha noko fint å sjå på når han sit og jobbar! Dette metallskiltet med drikkereklame kom eg over på Lidl, som dsv er historie førebels. Berre kjedelige Rema butikker med standar varer no. sukk. Håper nokon tør å satse igjen!

Bur ein med ein biolog lyt ein berre akseptere at det set sitt preg på huset. Men desse plakatane synst eg faktisk er rimelig kule :) Men viss mannbrand spør nektar eg plent for å ha sagt det! Dei inngjekk nemlig i ein avtale som gav meg lov til å sette mitt noko feminine preg på soverommet vårt, mot at han innreidde kontoret. Hehe.


Benkeplata er to enkle furuplater frå ikea, som han har limt, sett i press, malt med svart maling og tilslutt lakka tre lag med blank lakk for å få eit høgglansa uttrykk. Metallvifta er dekorativ og uunnværlig på varme dagar. Du ser sovidt gjennom persiennene frå Jysk(billigaste på markedet, tru meg! Men heilt like gode som andre myyykje dyrare merker.)ut i hagen med dissetreet og plenen.



Synst desse skapdørene er so vakre eg, men dei var pyton å male, dryppte maling for kvart strøk eg tok med kosten. Men det gir rommet eit preg av koloni/sommarhus som eg liker godt. Godt med ein pause i oppussinga og, men skal bli kjekt å få alt ferdig! Takk for at du kom innom:) Ha ei strålande vinterveke!



torsdag 20. november 2008

Konkurranse hos SessanOchPrinsessan:)



"Eg er med og konkurrerer om ein overraskelsesgave frå
kreativa Blafre Design
i skjønne bloggen til SessanochPrinsessan`s Bli med du og då vel!!!! Er so flotte desse BlafreDesign sakene;)


Helsing til deg som les frå ingridmarie, som no er i gang med å lage maler til årets juleverkstad på skulen der eg jobbar;) Kva stasjon eg skal ha?! Det måtte jo bli juleklipperier , e blitt so inspirert :) Sjå siste Rom123 for tips om td ein nydelig påfugl, eller sida til fantastisk flinke danske designeren Rie Elise Larsen! Sukk,so fint, seier eg berre:)
Ps.Desse boksane trur eg kansje du kan vinne hos Prinsessan, eller so var dei berre til pynt-so flotte som dei er!! Meiner det er Maison sine boksar, men kan godt vere Blafre designeren som står bak dei og, det liknar!!

tirsdag 18. november 2008

Søte tips frå Martha&meg:)

Eg driv og leiter etter ideer til koselige små heimelaga gåver eg kan gje til kollegaer og venner for tida.. Martha Stuart svikter ikkje :)
Støypte lys i flotte gamle kaffekopper!

Heimelaga "luktelys"m kanelstenger.

Min favoritt so lang, snop i skåler, pynta med band.


Gåveesker og små poser til gavekort på yndlingsshappa:)
Ha ei rolig og fin førjulsveke! Koselig at DU såg innom!
Ps. Alle foto lånt av MarthaS,du finn meir ved å gå inn på kake-linken oppe til høgre!

lørdag 15. november 2008

Tips om nystarta nettbutikk:)


Vart tipsa av ein kollega på jobben om ei venninne av henne som i dag startar opp Borelli nettbutikk, med tilhald i Bergen, ho fører masse ulike merker innan barnetøy og leiker mm.. Eg har alt sett meg ut fleire julegåver.. Sjå berre her..

Genser Happy clouds frå Minirodini..



Søte drakter fra Urban Elk..



Tøffe matbokser fra Lakefarm..




Vakker kjole fra Alpaca Society..





Her er ei heil rekkje andre merker og..Vil du sjå meir? Berre ta ein kikk, eller klikk om du vil, på http://www.borelli.no/

onsdag 12. november 2008

Vinter i hagen :)

Vakker vinter i hagen-men ingen snø...


Iskrystaller pynter opp ute , og i natt var det heilt trollsk stemning her med glitter overalt og måneskinn..


Og i dag fekk vi sjå sola også! Dette treet er eg SO glad for, perfekt grein til å henge dissa til ungane i, må innrømme at det hender at eg låner den litt. Kjekt å sitte her på dissa og fundere på små & store saker, uansett årstid..



Eg lærer stadig nytt om hagestell og vekster, ikkje visste eg foreksempel at desse blomane kunne bløma langt utover vinteren... Og nye knoppar kjem det og.. Meiner det er ringblomster-det kallar vi dei iallefall her, men dei har nok eit latinsk namn og !



Nokre få roseknoppar har framleis livsgnist, trass i frostnetter og blest :)



tirsdag 11. november 2008

Ettermiddagskos..

Skal vi kose oss litt mamma? Spør veslejenta..Har nok vore litt mykje besøk og feiringer i det siste, kvardagane kan fort bli litt ekstra grå.. Så da er det klart det må koses litt ;) Mormors heimelaga saft i koppane, popcorn og kakemann (frå Bakers denne gongen) til ettermiddagskaffen.. Slit litt med opplasting av bilder til Blogger for tida...Er det min pc som roter eller er det andre der ute som opplever det samme? Nattaklem fra ingridmarie


søndag 9. november 2008

Farsdag & Bursdag!

Her var det fullt hus i helga, vennebesøk med fire store og fem små på lørdag, samla til kakemannbaking og rømmegraut..mmm. På søndag var vi ni store og seks små samla til familiefest med feiring av bursdager og farsdager :)

Her er ein av presangane, den inneholdt ei nydeleg lita rød og kvitprikkete mugge fra GreenGate!

Måtte berre bruke dei herlige CarlLarsson inspirerte juleserviettane frå Åhlens, sjølv om det er lenge til jul enno.. (43 dagar! Hjelp, her må vi snart sette i gang!)Men stas å få dekke med dei når nesten alle i familien var samla! Vi bur spredt rundt om i landet, so det vert ikkje so ofte at alle mine søsken m familier samles.. Det store Juleselskapet 2.dag skal vi feire hjå søstra mi og familien hennar i år, då vert vi 11 vaksne og 8 små.. Ungane fekk rødbrus på glassflaske, med sugerør.. Nett slik vi fekk då vi var små:) Steminigen og aktiviteten stod i taket, nett som før i tida det også! Det gjorde godt med ein tur ut for å leike i novembertussmørket, før kaffimaten!
Festbordet dekka.. Nytt og gamalt i skjøn forening:)


Her er fleire av gåvene eg fekk, sjølv om bursdagen ikkje er riktig enda... Sett med fire djupe tallerker frå Figgjo i mønsteret Nora, ein liten grøn og kvitdekorert liten vase i glas, og ein stor 70-tals keramikkvase i bruntonar.. Alt saman passar veldig godt inn hjå meg! Sjekk kor det står til gardinene alt saman, hehehe:)

Far sine gaver til farsdag, et bruktfunn av ei lommelerke frå England, nytt gammelt hefte i favorittteikneserien, og inni gavepakken var det ei led-lykt frå ClasOlson..Kansje ikkje det mest originale, men populær vart ho :)
Med ynskje om ei fin veke frå ingridmarie!



torsdag 6. november 2008

Vinn ein elefant hos Solig ;)

Fantastisk mye fint hos Solig:) Særlig for deg som er retro-frelst som meg ;)Er dei ikkje heilt herlige!!! Ta ein kikk her;



Du kan sjå meir av det Solig lager på:


Da får eg komme meg i seng-hektisk dag i morgen, med barna med på mammas jobb halve dagen, og på Pappas jobb resten av dagen.. Slik ordner vi oss når barnehagen har stengt for at personalet skal få lagt gode planer for våre barns dager i barnehagen fremover :)

mandag 3. november 2008

På gjengrodde stier..

Vi er so heldige å ha ein stad, der tida mest står still,
der freden og roen spelar hovedrolla,
og du kjenner at du stresser ned.
Slektsgarden som min Farfar vaks opp på, og skulle blitt odelsgut på, men som han måtte flytte frå som barn, då foreldra hans begge døydde unge av tuberkulose, som so mange på den tida..
Den hadde vore ute av slekta i over 60 år, då ho som eigde den sjølv vart gamal . Fordi ho ikkje hadde nær slekt, gav ho far og mor mi tilbod om å kjøpa den attende, slik at den kom i familiens eige att. Stas at Farfar fekk oppleve det medan han levde! Det gjer godt å vandra langs alle steingardane og vete at desse tunge steinane har nokon i familien gravd ut av åkerlappen, løfta, svetta over og bygd gjerder av..
Mykje av det gamle interiøret er teke vare på og pussa opp, og vi har malt romma i dei opprinnelege fargane. Denne grønfargen er heilt nydeleg mot dei lyse gardinene:)

Den gamle ovnen er pussa opp, og faktisk fullt brukbar! Nydeleg handverk :)


Den gamle gyngestolen er faktisk veldig god å sitte i, og har gynga mange små i søvn:)

Til slutt eit lite glimt frå kjøkenen, der den gamle inredningen er malt blå, slik den var før i tida.
Har høyrt at nesten alle hadde blåmalt kjøken tidlegare, fordi flågene ikkje liker blått :) Med ynskje om ei fin veke frå ingridmarie!